Kjærleik

 

Maleri laget av kunstneren Trine Røssevold – galleritrine.com

 

Eg sit i vindaugsposten og ser på dei.

Den eine prøver å dra på seg begge tøflane på den eine foten. Han ler når han ser kva han held på med. Ho ropar på mannen sin sidan ho er så redd for å ramle. Nynnar og smilar varmt. Det er morgon og kaffi ligg tett i rommet. Ein gamal radio spelar gamle songar. På bordet blomsterkvast og kvit brodert duk.

Ho er gamal og han noko eldre. Glimt i augo, sterk i neven og grå i håret. Ho lita og nett. Smilande kvinne med kvitt halvlangt hår. Blå auge og smilerynker i heile andletet.

Eg held ho med begge armar, men han er der og. Passar på kvart eit steg.

– Forsiktig, kviskrar han ho i øyret.

– Forsiktig. Berre rundt hjørnet no!

Han dreg fram stolen og slepp ho ikkje av syne før ho trygt kjenner stolflata mot den raude kjolen og kjenner seg trygg langs bordkanten.

– Kaffi? spør eg.

– Ja, tusen takk, seier dei begge. Det var då svært!

Kvinna er blind og finn ikkje koppen sin.

– Her, seier han.

– Her, kjære!

Så smilar han igjen når ho drikk.

Så drikk han.

– Meir skive? spør eg.

– Ja, kanskje det, seier han. Kanskje skal eg ta meg ei skive?

– Ja, tusen takk. Eg tek meg ei skive. Ja, tusen takk!

Slik sit vi. I eit rom fylt med kaffi og varme. Men det er fyrst når vi sit i bilen eg ser det.
Han noko eldre grip varsamt rundt handa hennar. Trykker den ømt inntil seg og legg den i fanget.

Akkurat passe. Akkurat nok. Til å fortelje meg.

At kjærleik finst.

 

Arild Traa

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s