Hands!

Her kommer en historie som Arild har skrevet. En historie som skulle sette spor, for alltid.

Photo 28.02.13 19 40 43 (2)

Da Arild fylte 40 år leste han ei historie, en hyllest til sin barndomskamerat, Bernt Jakob Oksnes. Begge spilte på det beste knøttelaget i verden, begge var med da Mauseidvåg fikk juling og Arild lærte for alltid hva som var rett og galt. Her kan du lese teksten og du kan få se opptaket i sin helhet slik det ble fremført da Arild fylte 40.

bennatraa

Bernt Jakob (Benna) og Arild

Hands

Graset var grønt på begge sider. Motstandaren var Mauseidvåg og eg berre ein liten putt. Miniputt i blått og kvitt. Dei andre var grøne som graset. 
Nokre hadde sveitteband og to hadde bind rundt arma. Graset var så høgt og ballen så stor.

Vi spela over heile bana sjølv om vi aldri spela over heile bana. Mest sprang vi etter ballen heile gjengen rundt midten og lurte på kvifor dei hadde satt opp måla så langt borte.
 Av og til sprang vi ballen over linja. Då blei det enten kast, kort hjørnespark eller mål. Sprang ein ballen over linja mellom stengene som stod utruleg langt borte, blei det som oftast mål. Til eit av laga. Då jubla vaksne folk på sidelinja og snakka meir høgt med dei andre vaksne som stod ved sida.

Men det var på midten eg var mest. I den kvite sirkelen. Og det var der det skjedde. Rett framfor meg. Berre nokre meter litt skrått til høgre hende det. På sidelinja skreik vaksne folk. Nokre banna

– Hands, sa eg. Eller hæns. Det var hæns eg sa. Eg hadde lært det av bror min. Når handa treff ballen er det hæns. Men ikkje alltid. Det kan hende det ikkje er hæns sjølv om handa treff ballen. Han var ikkje heilt sikker på det, bror min, og gav meg heller aldri eit skikkeleg svar. Men no hadde handa truffe ballen og snart kom domaren i svart til å blåse.

– Du må då ikkje rope hæns på dine eigne spelara! ropte Benna sint.

Når Benna var sint var det alvor. Benna var aldri sint. No var han sint på meg. Benna var kaptein på laget og hadde eit kjempeband rundt arma, slik at vi alltid skulle vite kven som var kaptein på laget. Eg visste Benna var kaptein. Var det noko eg visste så var det akkurat det. No stod han rett framfor meg og banna, sjølv om både faren og mora hans kunne høyre det frå sidelinja. Benna var eit føredøme både på og utanfor bana. Men no var eg usikker. No var eg skikkeleg i tvil.

– Men du tok jo ballen med handa, Benna! sa eg.

– Ja. men du måkje sei det!, sa han. – Du må ALDRI sei det når det e dine eigne!

Men det var allereie sagt. Ord kan ikkje takas attende, veit eg no. Eg hadde svikta laget. Eg hadde svikta kapteinen på laget mitt. Og min beste ven. Eg hadde prøvd å få han uskyldig dømd.

Livet blei vanskeleg å leva. Urett var rett. Og rett var urett. Eg blei aldri den same etter hænsen til Benna.

Arild Traa

Her er et videoopptak som Kenneth Flem gjorde under Arilds eget 40-årslag.

2 thoughts on “Hands!

  1. bettyg26 sier:

    Dette var en rørende historie, vennskap, fotball, kjærlighet og dramatikk. Takk, for at jeg fikk ta del i historien gjennom tekst og filmopptak😃 Du er helt utrolig Arild Traa!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s